Kategoriarkiv: Stedsnavn

STADNAVN PÅ BLEIK

«Eg har samla ein del lokalnavn frå og omkring Bleik. Gamalt var dei flinke til å sette namn på mange måtar, torving, slått, beiteland osv. Da var det greit å ha namn på detaljar.

Slike namn har lett for å bli gløymt etter kvart. Så det kan vera greitt å ha det nedskrive. Eg har ingen språkleg bakgrunn. For å forstå gamle namn bør ein ha kjennskap til gamalnorsk, og alle dei kasus det hadde og bøyninga, endingane.

Dei eg har snakka med er stort sett gamle folk med ein uforfalska dialekt. Og eg har skrive det ned slik eg har høyrt dei snakke. Rg har samla litt frå mange. Mest har eg fått av Charly Mortensen og Olaf Hansen. Stor takk til dei. Det finnst sikkert mange namn til. Så kom fram med dei. Mange namn er ganske logiske og lett å forstå, medan andre verkar uforståelege. Har du tydningar eller anekdoter om namn og stadar, så kom med dei.

Konnerud, Drammen 05 mai 2003
Sigmund Furusdal
«

Tinderekka mellom Bleik og Oksebåsen heiter Klævtindan. Der vegen går utanom heiter det Klæva. Dei enkelte tindane heiter frå ytst: Klævtind, fyrste og andre Gongskartind. Mellom dei to siste er Gongskaret der telefonstolpane står.

Dette var gangvegen mellom Bleik og Andenes før køyrevegen rundt Klæva kom. Ein stor stein oppi lia her på nordsida blei kalla Brennevinskrukka. Andre kalla den store steinen i Stigninga det same. Når dei gjekk frå Bleik til Andenes og attende var det kanskje enkelte som tok seg ein støyt av flaska både her og der.

Vidare opp Klævtindane er eit sermerkt skar som heiter Saksa. Andre kalla den Trekta. Så har vi Vargskartind før det inste skaret mot Røyken: Vargskaret.

Dette er bare et lite utdrag for å pirre nyskjerrigheten. Les hele denne interessante teksten på denne siden «STADSNAVN PÅ BLEIK«.