Nordmelasangen

av Lærer Nils Husøy (1897-1966)

Melodi: Fagert er landet…..

Nordmela, Nordmela, heimstaden min,
kjæraste staden eg kjenner.
Her er min heim og her eg finn
fedre og kjæraste venner.
Heimen og folket er meg kjær
om eg er borte eller nær.
Sol over heimstaden lyser!

Her er det hav og her er det hei,
her er det vatn og vikar.
Lyngkledde myrar på kvar ei lei,
dette er staden eg likar.
Utanfor,- havet stort og vidt,
over oss,- lyser himlen blidt.
Sol over Nordmela lyser!

Legg igjen en kommentar