Bleikssangen

av

Antonius Nordeng

 

 

 

Der ute mot havet der sjyboren bryt,

der oddar og nes ifrå landet seg skyt,

der havbåra rullar med dønn og med brak

og velter seg vilt over fluer og flak.

Der ute ligg Bleik

 

Der ute mot havet der gråskodda driv

og bøljande inn over landet seg hiv

seg sveiper kring fjella i ullmjuke la

men visnar og kverv når det lid imot dag.

Der ute ligg Bleik.

 

Der ute mot havet, – omringa av fjell

med grønnkledde lier og solglans ved kveld

med vidde og vang i slik underleg krans

med bekker og elvar i jublande dans.

Der ute ligg Bleik.

 

Ja, langt ut mot havet i sommarsol flaum

med alveland bjarte i hildrande draum

der finn ein det alt som set hugen i brand

og skaper slik elsk til den versletne strand.

Der ute ligg Bleik.

 

Der langt ut mot havet mitt hjarta er fest

dit vender min tanke, der trivst eg no best

dit snur eg attende ved dag og ved natt

der har eg min heim, ja, min dyraste skatt.

Mitt herlege Bleik.

 

Eg elskar deg Bleik med solgull om tind

med svalende havgule kyss på ditt kinn

med vidda i villjag, i storm frå nordvest

nett slik som du ter deg, eg kjenner deg best.

Eg elskar deg Bleik

 

Ja, ovfagre Bleik i sommarnatts glans

eg bind deg min fagreste blåklokkekrans

og om eg enn ser deg i brottsjøbrand fæl

eg syng deg mi vise og kjenner meg sæl.

Eg helsar deg Bleik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Lokalhistorie på nett!