Av
Trygve Wiklund og tilegnet Svanhild Hansen
Melodi: Dei gamle fjell..
Du lyse, blide Bjørnskinn-grend
innunder grasgrodd fjell,
med sol som blank om morgon renn
og skin til seine kveld,
med utsyn ope, vidt og fritt
mot sør til sund og fjord,
og med det grøne fjellet ditt
til trygd og vern i nord.
Kor fredfullt ligg dei fjelga tun
frammed den strake veg,
og kyrkja frampå bakkebrott,
ho langvegs helsar deg.
Ho helg og høgtid vigsle vil
med djupe klokkeslag
og leggje mildt si signing til
din jamne arbeidsdag.
Just slik ei grend i hugen låg
dei første karar som
stod her og Bjørnskinn-myren såg
og rydda her sitt rom.
Dei valde slit med stein og myr
og trauste bondekår
framfor eit liv i eventyr
der vinsten kjem og går.
Med sanning kan det då bli sagt
at Bjørnskinn-grenda gjæv
er ein provins til landet lagt
ved fedrars trugne strev.
Og her vi byggje skal og bu
til livsens seine kveld
i trufast samhald, eg og du,
innunder grøne fjell.