av
Antonius Nordeng
Frå And'nes til Gavlen, frå Bør'a til Aa
i det kan du Andøya sjå.
Du ser ho med myr og med blinkande elv,
med fjell under solblanke kvelv.
Og vil du sjå meir, stig i høgda då opp
til «Vetten», vår høgaste topp.
Då ser du ho kviler i blånande fjord
med Røyken der langt uti nord.
Og lyer du, høyrer du olling og òm
av grågås, av joe og lom,
av bilar og bussar som vegane fer,
av ungdom som leikar og ler.
Og grender stig fram der før sevmyra låg,
det grønast frå fjell og til våg.
Der mose og myrull og molteblom vaks
ligg åkrar med svagande aks.
På Omd, seier soga, ein konge der var
med herfolk og herskip og gard.
Kong Godgest reid der på sin rappføtte «Ramn»
då «draken» var komen i hamn.
Men tidene skifte og Omd gløymdest av,
og Anda steig nyfødd or hav;
og no onna folket i fredeleg id
til vokster frå tid og til tid.
Dei blåmyra pløygde med skinande båt,
og både dei lo og dei gråt
når fengda var stor og til landet dei rakk, –
du evige Skapar, skje takk.
Og myra der inne – som stålplogen skar,
ho også sin grøde no bar,
og munnar blei metta frå land og frå hav.
Vi fekk, men og ofte vi gav.
I dag syng motoren sin stålkvasse song, –
har sunge så mangen ein gong
på veg i mot havegga ute i vest
og heimatt som kjærkommen gjest.
I stille og storm – inn mot landet du såg
for lending i vik eller våg;
og fyret det stod der – ein staseleg los,
og synte deg farlei og kòs.
Og fer du langs landet, du seglar framom
på Tverberg ein vyrdeleg Dòm,
og når så i sør gjennom «Vitje» du går,
snart neset ved Gavlen du når.
No heiser vi flagget og jublar i kor:
«Heil Andøy, vår rikbarma mor.
Om du ei med frendane dine held stand,
vi elskar di verharde strand.»