Sang om Andøya

Sang om Andøya av Hans Eidnes (1887-1962)

 

Han var lærer ved Haugnes/Fiskenes fra 1909 til 1914. Via Vågan folkehøgskole endte Hans Eidnes som rektor ved Trondenes folkehøgskole. Eidnes var opprinnelig fra Bjarkøya. Sangen ble skrevet rundt 1914.

 

Ho ligg der mot havet, med lågvorne fjell,

og sjøslipte strender, der tungalda smell,

kjem heilt nordan Is-havet kalde.

Med skodde um tinden der Røyken han står

og skodar mot havet, som dyngjande går

og slæs med kvar grynjande skalle.

 

Det er vel eit utsyn i vest og i nord,

og austenfyr ligg denne blåbreide fjord,

som skil han frå Senja og Øyan.

Med havet til granne ho låg der all tid,

og tungt låg ho mot når det kveste til strid,

men difor dei kjenner einannan.

 

Med havet som blånar frå ytst og til inst,

som ris i slik velde, strakt landkjenning finst,

det hadde sin rikdom i fanget.

Ei matbud so raust, og ho lokka og drog,

det fiskerik’havet gav meire enn nog

til folket i tiderne lange.

 

Og havet som syng her ved dag og ved kveld,

har festa sin stempel på folket si sjæl,

de tvo er i ætt, dei er skylde.

For folket kan drøyma og lengta so stillt,

og føre seg fagert og elska alt mildt,

som havet i smilande milde.

 

Men er det ei sak som dei rett har fått kjær,

då kjem dei som havet, dei tungt fram seg slær,

for viljen han logar innunder.

I livsstriden lærde dei rett slå seg fram,

dei skreiv jamt ein stordåd på ytste livstram,

då vakna det krafter or blunder.

 

Ja, ser vi på bygda som ligg her i dag,

det gamle det ter seg, det nye slo lag,

og fram gjekk det jamt so det duna.

For folket har vore bå’framsøkt og gjævt,

det viser i dag at dei ein gong har strævt,

og tak vart her gjort so det muna.

 

Der ligg no ein veg som ei livende dår

der myrarne stengde frå år og til år,

og folket kjem letteleg saman.

Og der dei som geita yv fjellskardi kleiv,

det verkte og vrikte og gjorde deim skeiv,

der fer dei no vegen med gaman.

 

Det liknar på Bøygen, dei gjekk “utanom”,

men såg du so etter der nærar’ du kom,

dei korso har gjenge “igjennom”.

For vegen ligg skoten i fjell, og ved fot

dyn havet i velde og slær seg imot,

der havsongen møtest med fjell-ljom.

 

Og steinmur er bygde til verja mot hav,

eit meisterverk er det, mot dyn ifrå kav,

men hamna ligg roleg innfyre;

og båtar og farty ligg lasta på våg,

eg tenker um fedrarne uppatt no såg,

dei kunde kje undren sin styre.

 

Ja, sjå på den flote som stemner til havs,

det er kje so nøgje um været er ravs,

for årkarane dei er so sterke.

Motorarne bryt på det hav der dei fyrr

låg tøydde på åran’, det vanta deim bør, –

ei maskinkraft styrer no verket.

 

No drøymer kvar andværing stort um si øy,

det veks av den livsdraum hjå gut og hjå møy

ei framtid som stor er for bygda.

Kring strenderne tøygjer seg fiskerikt hav,

det raust er på handa, det gjev som det gav,

um vegen ei alltid er trygda!

 

Og strenderne verte til åker og eng,

og myrarne blaute til blømande seng,

og dammer til brikjande hagar!

Og krefter som fløymer i foss mellom fjell,

skal brigde og skirsle det heimlege stell, –

slik stig det mot kommande dagar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Lokalhistorie på nett!