STADNAVN PÅ BLEIK

«Eg har samla ein del lokalnavn frå og omkring Bleik. Gamalt var dei flinke til å sette namn på mange måtar, torving, slått, beiteland osv. Da var det greit å ha namn på detaljar.

Slike namn har lett for å bli gløymt etter kvart. Så det kan vera greitt å ha det nedskrive. Eg har ingen språkleg bakgrunn. For å forstå gamle namn bør ein ha kjennskap til gamalnorsk, og alle dei kasus det hadde og bøyninga, endingane.

Dei eg har snakka med er stort sett gamle folk med ein uforfalska dialekt. Og eg har skrive det ned slik eg har høyrt dei snakke. Rg har samla litt frå mange. Mest har eg fått av Charly Mortensen og Olaf Hansen. Stor takk til dei. Det finnst sikkert mange namn til. Så kom fram med dei. Mange namn er ganske logiske og lett å forstå, medan andre verkar uforståelege. Har du tydningar eller anekdoter om namn og stadar, så kom med dei.

Konnerud, Drammen 05 mai 2003
Sigmund Furusdal»

Tinderekka mellom Bleik og Oksebåsen heiter Klævtindan. Der vegen går utanom heiter det Klæva. Dei enkelte tindane heiter frå ytst: Klævtind, fyrste og andre Gongskartind. Mellom dei to siste er Gongskaret der telefonstolpane står.

Dette var gangvegen mellom Bleik og Andenes før køyrevegen rundt Klæva kom. Ein stor stein oppi lia her på nordsida blei kalla Brennevinskrukka. Andre kalla den store steinen i Stigninga det same. Når dei gjekk frå Bleik til Andenes og attende var det kanskje enkelte som tok seg ein støyt av flaska både her og der.

Vidare opp Klævtindane er eit sermerkt skar som heiter Saksa. Andre kalla den Trekta. Så har vi Vargskartind før det inste skaret mot Røyken: Vargskaret.

Er ein på nordsida ved vegen omtrent ved enden av autovernet og ser mot Vargskaret, kan ein sjå ein sermerkt tind som heiter Pipkjerringa. På utsida av vegen er ein topp som heiter Spanna. Før var denne avstengt med eit gjerde, og utpå der hadde dei verar på sumarbeite.

Toppen som tunnelen går gjennom heiter Stauren. Gamlevegen gjekk utanom her, og like til høgre for tunnelen på nordsida er ei bru, Staur bru, bygd 1921 av Ole Hansen, onkel til Olaf Hansen. Omtrent ved avkøyringa til utsiktspunkt i Klæva låg ein fjellhamar, som blei sprengt bort av ein som heiter Georg. Georgskanalen blei det partiet heitande. Frå her mot Spanna er det ned ein bakke, Spannabakkan. Før hang det ein stor stein over vegen her, som blei kalla Storhalla.

Vika sør for Stauren heiter Hestvika, og opp for den er ein topp som heiter Helenapiken. Helena Martine. Hennar son Edvin Elvaker. Den er sprengt bort no.

Bakken i gamlevegen under den mot Stauren heiter Okkelbakkan. Til høgre for Helenapiken oppe i lia ligg Vargskarstein. Lia ovafor her var slåttemark og heiter Vargskarlian. Noko høgare oppe ligg Henriksstein. Etter Henrik, son til Hans Martin, far til Karl Henriksen.

Sjølve Røyken er velkjent. Den loddrette raude flata heiter Raudbergan. På kart i 711-serien frå 1979 blir Raudbergan feilaktig brukt på Klævtindan.

Midt mellom Røyken og Søstran er ein mellomtopp som heiter Dungen. Søstran er dei to spisse tindane sør for Røyken.

Vidare sørover er dei opphakka fjella Ramnan. To spisse tindar merkar seg ut: Litjramn (Kjerringa) og Storramn (Kallen). Vidare den runde mangetakka Breitind. Deretter Durmålshågen (dugurdsmålhaugen) der sola står ved dugurdsleite.

Breivikheia rett sør for Bleik er Middagstind, eit mykje brukt turmål for Bleiksfolket.

Nonstind sørvest for Bleik der sola står ved nonsleite. Non = gamal katolsk messetid kl 15.00.

Heia opp for Breidalsvatnet heter Smalheia. Den er ganske smal bortover mellom Breidalsvatnet og Otervika. Ytst mot vest er Laupen.

Ved foten av fjellrekka Røyken – Ramnan – Durmålstind er ein del sermerkte haugar – bakkar. Innfor gamle kjerkegarden er Bombakkan den med det stygge grustaket. Under Litjramn er Våtbakkan. Vidare har vi Melbakkan under Breitind-Durmålstind og så Huslibakkan. På nedsida av gjerdt her er ein einsleg haug – Bygdehågen.

Dei graskledde liene i Røyken og Ramnan blei utnytta til slått. Dei slo graset her og batt det saman i buntar, som blei rulla ned. Det gjorde not sitt til at dei fekk namn. Vi har Røyklian under Røyken. Søsterlian går heilt opp til venstre for Søstran. Rett under Søstran og til høgre er Søsterlibakkan bort til Raskeryggen, fjellryggen som går heilt ned innafor nye kjerkegården. Til høgre for Raskeryggen er Breilia, som strekker seg heilt opp.

Innafor Bombakkan er Bombakklian med Løssinglian, som strekker seg heilt opp mellom små skogkrullar. Vidare er Smålian med litt små skog. Frå venstre kant av Våtbakkan er ei større li: Storlian.

Litt opp har den ei grein opp til venstre : Storlifoten. Rett opp for den, nesten på toppen, er ei grønn skråning: Himmelhytta. Det blir sagt at også der blei det hausta gras. Mellom smålian og Storlifoten skal det vera ei renne der det går an å gå og drive sauer. Nokon kalla den for Himmelhytta.

Innafor Våtbakkan er Våtbakklian med den skogkledde delen som heiter Ækklan. Ei smal li-renne går heilt opp mellim Litjramn og Storramn: Mikkjellia. Nokon kalla den for Sørenrapa etter at Søren Strand frå Andenes fall ned her og omkom i 1930 åra.

Mellom Våtbakkan og Melbakkan er ei slette med fleire fine strandliner med rullestein frå tider da havet sto noko høgare. Denne blir kalla Revsevollen. Ein fjellknaus innafor heiter Kjeringberget, og lia ovafor Kjerringberglian. Melbakken med Melbakklian ovafor. Huslibakkan med Huslian innafor.

Ved foten av fjellet inn for den gamle fotballbanen er nokre store steinar, Gråsteinan. Dei var før brukt som segelmerke og var i det høve måla. Lia ovenfor blr av nokon kalla Gråsteinlian og av andre Janlian. Myrer mellom Gråsteinan og gamle fotballbane: Halsemyran. Lenger sør for Gråsteinan er ei krå med tett skog innmed fjellet: Halsekråa.

Vi fylgjer vegen sørover frå Bleik. Vi kjem til Litjvatnet. Tidlegare rann vatnet ut her i retning mot Bleik. Vassforsyning for Bleik var frå denne elva, bygd i 1896. Så blei det fyrste lysverket for Bleik med trerenner (vasstro) bygd i 1904. Denne staden i Litjvatnet heiter Vassosen.

Det kjem ein fjellrygg frå venstre like innafor og der vegen svingar rundt denne heiter det Halsan. Så gjør vegen ein sving innom bukta. Der heiter det Mehalsan. Vegen svingar så rundt ein stor haug på venste side. Det er ei hytte på toppen. Haugen heter Storhågen. Vatnet nordafor er Gåsøytjønna.

Vi tek ein tur vestover langs vegen som går til Solsvatn. Like vest for vestraste huset i Gardsveien er eit elvefar gjennom Raet: Haurelva = elva som kjem fra Hauan. Den har ikkje mykje vassføring no. Det var kanskje meir den nye Lakselva blei kanalisert gjennom raet. Litt før vi kjem til der kraftstasjonen ned for Holmevatnet låg er det eit sumpområde mellom vegen og Lakselva som er brunt av jernmalm: Sortdiket.

Lysverket på Bleik blei bygd i 1904 med trerenne (tro) midt i gården. I 1930 blei nytt elektrisitetsverk bygd ned for Holmevatnet. Der var to store steinar: Hesten og Merra. Den siste blei skoten bort for å gje plass til elverket. Like bortanfor på nedsida av vegen er fyrlykta. Bergan nedafor heiter: Tistrebergen. På mørkare haustkveldar kan du her høyra huldra flire eller tistre.

Neset like vestafor er Storsletneset. Litt før vi kjem til neste nes er eit blauthol på innsida av vegen: Kuholla. Det er nærliggjande å tru at ei ku har gått seg nedi her ein gong.

Neste er Heimste Klubben. Der var det steinbrot da moloen blei bygd 1927-1937. Steinen ble frakta på jernbane herfrå til moloen. Ein kan enno sjå traseen til jernbanen her i Klubben. I ei grop i Heimste Klubben er Tollsteinberget. Her fann ungane fine steiner dei spela «tol(v)stein» med.

Så har vi ei fin vik med sandstrand som heiter Laupvika. Vestafor den er ein odde som heiter Vestraste Klubben.

Vi går tilbake til vegen mot Solsvatn. Til venstre er eit lite vatn som heiter Anskartjønna. Namnet er etter Anskar Benjaminsen 1904-1969, som anten sette ut fisk her eller tok fisk her.

Omtrent ved steinbrotet ved Solsvatn er Kalvebakkan. Kva namnet Solsvatn kjem av er ikkje godt å seie. Det er ikkje mange solstrålane som når hit gjennom året. Den bratte bjørkelia sør om Solsvatn heiter Gongakselkråa.

Hauan. Dette store moreneområdet strekker seg frå bustadområdet Bleik til Laupen og frå ytre endemorene ved havet mot øvre endemorene ved Litjvatnet og Storvatnet. Heile Hauan inneheld morenemasse som er skuva dir frå sør. Da grustaket ved Bukkevatnet var i drift, såg eg det var eit tjukt lag med morenemasse og i botn var gamal rullesteinstrand. Enkelte kvartærgeologer meiner nordre del av Andøya var isfritt under siste istid. Da må rullesteinstranda her i botn vera frå før ei tidlegare istid.

Dette Hauanområdet har mange vatn, haugar og steinar som har sine sermerkte gamle namn.Dette er grunntog mest attvakse av starr. Utfrå denne rann Haurelva som no mest er turrlagt.

Søraust for Ålsvatnet er Storholla.

Bortover raet her er det mange merke etter okkupasjonsmakta da tyskarane hadde ein stor peilar (radarstasjon BIRNE II, min utheving, KRD) her vest. Ein ser mange skyttargroper og tufter etter små hus her. Fyrste vatnet er Holmevatnet som blei regulert i samband med bygginga av elektrisitets-verket nedafor i 1930. Går vi vidare kjem vi til Heimste Steinsvatn. Ved det er dei tre fundamenta frå den store peilaren tyskarane bygde. Neste vatn er Vestraste (bortaste) Steinsvatn. Mellom dei tek det av ein sti til venstre: Mellomste Gongakselvegen. Heilt mot vest er Solsvatn.

Frå fylkesvegen ved Vassosen går ein veg til grustaket. Like ved ligg Bukkevatnet. Går ein stien frå Vassosen og fylgjer indre raet, Vassraet, langs Litjvatnet ser ein fire vatn på nordsida; Vassravatnan, Vi passerer Mjåsundet mellom Litjevatnet og Storvatnet. Like nord for Storvatnet her er Mikkjelvatnet. Vest for det er ei stor myr , Stormyra med Stormyrvatnet. Stormyra er ei god torvmyr. Den er djup, og det seiest at enkelte stader kunne en stikke sju lomper ned.

Vi fylgjer vassraet vidare mot sørvest. Litt innfor tjukk skog er enda ei myr med et lite vatn like innafor, Gongakselvatnet. Like forbi der deler stien seg, til venstre til Breidalsvatnet og til høgre mot Solsvatn. Oppå ryggen deler stien seg. Til venstre opp Gongaksla og til høgre mot Bleik. Nokre hundre meter bort retning Bleik vi har eit lite vatn, Hovdetjønna, etter lærar Hovde 1874-1950.

Sundet mellom Litjvatnet og Storvatnet her Mjåsundet. Halvøya mellom Storvatnet og Litjevatnet heiter Gåsøya. Ytst på den er ein stein, Halvvegsstein.

I Litjevatnet utenfor Gogonstein er ein holme, Arnfinnshomen. Det skal vere ein som heitte Arnfinn som kollsegla her. På kart i 711-serien frå 1979 og 1999 blir namnet Arnfinnhomen brukt på den vesle holmen i Storvatnet utafor Galtereina. Men det er Kiholmen, Ki=killing.. Galtereina er den bratte, frodige lia langs Storvatnet frå Breidalen og sørover. Dette var slåttemark for fleire på Bleik. At det kan ha vori nytta som beite for galtar høyrest rimeleg ut, for her er fleire artar bregnar her (blom) og tortna (turt). Oppe i lia innafor Breidalsvatn er ein fjellhammar: Kihamran.

Haugane i Hauanområdet. Det er utallege haugar her og dei største har namn. Opp for Steinhågveien 7 er Steinhågen. Der er det fin utsikt over Bleik, og før har det vori St Hans feiring her. Ved Vassosen er Mølnarhågen. Det var mølle her da vatnet rann ned her frå Litjevatnet. Like nord for grustaket er Topphågen.

Søraust for Holmevatnet er Ørnehågen. Sørvest for Ålsvatnet er Gretehågen med ein vasspytt nedafor som heiter Gretetjønna. Tradisjonen vil ha det til at Grete drukna seg her av kjærleikssorg etter at han ho var gla i reiste til Amerika.

Nedfor Gårdsveien 88, opp for Smia: Kalvestein. I fjæra ned for Gårdsveien 64, ved ei gamal båtstø: Gangarstein. Den gång dei dro båtane på land, sparka de kanskje frå og/eller gjekk i land her.

Pyntarstein: Ein stad nellom Haurelva og der Lakselva no er graven gjennom raet var ein stor sermerkt stein som blei kalla Pyntarstein. Når Stavefolket kom over fjellet på vitjing kledde dei seg om her før dei gjekk fram. Nøyaktig kor steinen var og når den blei skoten bort er det fleire meiningar om. Men det skal ha vori ein gong mellom 1945 og 1950.

Like sør for Holmevatn; Maristein med Maristeinmyra. På Vassraet like aust for Mikkjelvatnet: Gogonstein. Gogon=troll, rese eller rise. Ser ein herfrå mot toppen av heia opp mot Mehalsan ser ein sporet Resesålen.

Vegane i Hauanområdet. Vi har tilegare fylgd Vassravegen frå Vassosen. Og vi har fylgd vegen vestover nedre Raet. Frå Vassosen kan vi fylgja køyrevegen mot grustaket og vidare på sørsida av Holmevatn vestover og kjem saman med midtre Gongakselvegen litt før Hovdetjønna. Nord for her mot Solsvatn er eit sers kupert terreng med tjukk bjørkeskog: Trollholen.

Når vi kjem stien mot fjellet der den kryssar vegen til Solsvatn og Gongakseltjønna går den opp ei bratt aksel, Gongaksla. Det seier folk på Bleik. Men på kart 711-serien frå 1979 og 1999 er det brukt Gongaraksla.

Når vi går opp Gongaksla her har vi tett bjørkeskog i bratta mot Solsvatn, Gongakselkråa. Stien går opp bratta til Smalheia og Måtind.

Otervika

Vi tek ein tur til Otervika og starter ved Laupsvika. Eit stykke bort er to holmar som er landfaste ved fjære sjø. Dei har ikkje namn. Vi går ned til sjøen og fylgjer et svaberg «Hellen» mot ei kløft i fjellet ved sjøen, Svartholet. Stia krysser Svartholet eit stykke oppe og går så bortetter fjellet littned for ein stor stein , Stein i lia. Så går ein svaberget ned mot sjøen og kjem inn i Otervika. For nokre årtier sidan var det slått her og enda lenger attende budde det folk fast her. Da var det sikkert mange lokal namn her. Men eg har ikkje kome over noko-

Tinderekka framfor oss er Stavan: Innafrå Måtind, Pikstaven (på eit kart står Heststaven), Mestavem, så ei kløft, Stavræva, ein kan gå gjennom når ein skal gå langs sjøen til Rækvika. Breistaven er neste tind. Hårbandet er neste. Litt bak mellom dei to siste er Porkjuret. Så kommer indre og ytre Stavskjæran. Lenger ut i havet er båen Skreingen.

På Breivikheia er det namneforvirring. Det kjem vel av at fjella kan sjåast frå fleire bygder og fiskevatna blir brukt fråd ei same.

Eg nemnde før Middagstind som er eit heilt naturleg namn sett frå Bleik. På gardteigskart frå 1950-åra står det Nattmålstuva. Det er vel frå Dverberg-kanten. Frå der vil sola stå over dette fjellet om natta. Det er noko ein ser omkring i landet, fjell har forskjellige namn i forskjellige bygder omkring. I kart frå 1979 står det Breitinden på same fjellet, det same i 1999. På disse karta står det Nattmålstuva ppå fjellaksla mellom Trolltinden og Breiviktinden. Merk at disse karta brukar tinden med endinga –en, medan folk på øya seier tind. To stader er det på alle tre karta brukt Trolldalsvatn, i Stavadalen nord for Nonstind og i Breivikheia opp for Skarsteinsdalen. Det siste er det nokon på Bleik som kallar Sjetlevetle. Eg har inntrykk av at bleiksfolket brukar Nonstind på tinden opp for Galtereina. Kart frå 1979 og 1999 brukar Nonstinden på høgda opp for Baugtua, Bleiksfolket bruker Nonsheia på heile heia bortover her. På karta står det Nonstind på fjellet opp for Otervika, det som Bleiksfolket kallar Smalheia.

Sigmund Furustad
Skjerpholtveien 71
3030 Konnerud

Digitalisert 21. jan 2021 av Karl Rasmus Dahle

Lokalhistorie på nett!