Post

I dag synes vi det er sjølvsagt at vi skal ha posten til kvar dag. Blir han av ei eller anna årsak liggande over ein dag er klagene mange. Slik var det ikkje før.

I eldre tid var det nordlandsjektene som 2 gonger om året – vår- og hauststemne- tok med varer og post. ”Staten” forsøkte då å få meire ”regelrett” postføring. I 1663 blei det oppretta ein ”postindretning”, og då skulle posten gå nordover 2 eller 3 gonger om året. I 1777 blei det endra slik at post til Nordland skulle gå fra Trondhjems postkontor kvar 6. veke. I 1804 blei det oppretta eit ”Nordlandsk postkontor” i Bindalen med avgang kvar 3. veke med ”Postekspressen”. Frå 1832 gjekk posten kvar veke i sommarmånadene.

Lofoten og Vesterålen lå utanfor denne ruta. Frå Steigen i hovedruta gjekk bipostrute til Lofoten og Vesterålen. I 1829 var det på tale å få ei bipostrute frå Hadseløya til Sortland og vidare til Risøyhamn, men det tok si tid før denne kom i stand. I staden blei det sett i gang båtpostrute frå Hadsel til Risøyhamn. Til postopnar vart tilsett Chr. Paulsen, dei første åra utan godtgjersle.

Som døme tar eg med eit par tilfelle som fortel korleis tilhøva var den tid:

Prost E. A. Colban i Kirkevåg (Kabelvåg) sende 20/12 1806 eit brev til J. T. Krog i Andenes. Det kom først fram 31/3 1807. Det tok altså mykje over 3 månader på vegen.

Eit anna døme har vi frå 1814. Som dei fleste vel kjenner til, møtte ingen nord for Trøndelag på Riksforsamlinga på Eidsvoll. Det var den seine postgangen som var årsaka til det. 16. februar  var Stormannsmøtet på Eidsvoll. Då blei det send ut melding om at det skulle vere Bededag med valg av utsendingar til Riksforsamlinga den 25. februar. Dette brevet kom til Dverberg prestegård den 29.mai. Som de veit møtte utsendingane 10. april – 1. påskedag. Siste møtedagen var 20. mai. Til Dverberg kom altså brevet 9 dagar etter at utsendingane var reist heim. Slik var det den tida.

I 1877 blei det landpostbud Risøyhamn – Andenes kver 3. uke. Men det kom ingen post. Men da det på ny gjekk nesten 4 veker kunne ein høre: ”Det gjekk lenge i år før han Post-Krestian kom”.

Først i 1870-åra hadde TDS sett i gang ukentlege ruter med Ds ”Tromsø” og ”Senjen”. Tromsøbåtane innstilte rutene på Andenes så snart haustmørket kom og tok til att i midten av februar.

Da fyret blei tent i 1860, måtte losane ha nattvakt 2 og 2 i tårnet.

Fra Andøya Avis 1931 nr. 46, 30 juni.

Likeså hadde de lønn for å føre post mellem Andenes og Risøyhavn, da der ikke ble opprettet poståpneri på Andenes før 1869. Etter den tid ble her ansatt en mann som befordret posten, og dette utførte han dels gående, dels ridende og dels kjørende, alt etter som vær og føre artet seg, og da her ikke var anlagt veg så hadde postføreren mangen sur tørn, især i mørketiden, men frem måtte han hvordan det enn så ut. Hans timeseddel som ble påtegnet av poståpnerne både på avgangs- og ankomststedet viste tiden, og da den ble innsendt til Poststyrelsen måtte den vise rimelig tid, ellers fikk den arme postfører skrubb og påminnelse om at hans stilling som postfører var avhengig av at posten braktes frem hurtigst mulig. Til forsinkelse grunnet uvær og mørke, ble der ikke tatt stort hensyn til, og styrelsen ble vel neppe gjort oppmerksom på hvor vanskelig her til dels kunne være å komme frem til bestemt tid.

I 1869 fikk Andenes poståpneri., som da sorterte under Namsos. Poståpneriet innehaddes av Lind. Der var minst 10 ganger så meget arbeide den gang da alt var så omstendelig, og hvor f. eks. alminnelige brev måtte karteres. Og dette fikk da Andreas O. Pedersen føle som var den der skulle utføre det hele.

Xxxxxx
Andreas O. Pedersen var hos Lind i 3 år.
Lind døde i 1875.
Kiil kom til Andenes i 1885 og 1/6 1888 overtar han posten.
1/1 1922 blir andenes postkontor.
1/10 1927 blir de postopneri att.
Egil Norman var postmester heile tida.
Magda Norman blei konstituert som postopnar.

Legg igjen en kommentar