Vatn på Andenes

Det har før i tida vore vanskeleg med vatn på Andenes. Dei hadde brynner, og det var to gardsplassar som hadde namn etter det: Østerbryn og Vesterbryn. Alle skulle hente vatn der til hus og til dyr og det var ikkje tilfredsstillande sett frå eit hygienisk synspunkt.

Det vart diskutert opp gjennom åra, og i 1934 vart det vedteke at dei skulle ta vatn i frå Storvatnet. Kalkulasjon: 140 000 kroner. Staten ytte 77 000. For å få sikker vassføring skulle dei bygge demning for Storvatnet. Den blei bygd same år og halvdelen av rørgata. I 1936 var dei komne til bygrensa. Etter som Storvatnet er grunt hadde stormen aura opp så silen blei tett og måtte flyttes lengre ut i vatnet. Men dette var ikkje tilfredsstillande og det var stadig klage, for så snart det blåste opp – og det gjorde det ofte- blei vatnet grumsa.

I 1950 gjekk Andenes og Dverberg saman om å få vassverk som skulle tilgodesjå gardane frå Å til Andenes. Til vasskjelde tok dei Mølnevatnet og Sverigedalsvatnet. Det var fleire kalkulasjonar som ikkje heldt. I 1957 er dei komne til 7,5 mill. Til rørledning kjøpte dei eternittrør frå Danmark. Det var mykje kluss for røra sprang rett som det var. Byggetida tok 3 ½ år og i1962 hadde dei lagt rør helt til Andenes. Det var strid om fordelinga av kostnadene, men endte med at Andenes og Dverberg tok halvparten kvar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Lokalhistorie på nett!