Litt om skolevesenet

Etter Julius (eldre bror av Håkon Rydland)

Når eg skal dra fram i minnet litt av det far, som var fødd i1840, fortalte frå sin skolegang, er det ikkje stort eg kan gje att. Men ett står klart for meg: Det tunge, såre drag som fall over ansiktet. Han sa så ofte om oss at vi hadde det godt no, mot det dei hadde i hans tid. Vi kunne komme heim til kokt mat og reidd seng.

Onnorleis var det for dei. Dei måtte gå til Andenes, og ofte var det ikkje anna enn treklompan dei hadde på føtene. Elvene måtte dei va over, og da var det å ta klompan i nevan, og når dei var vel komne over, var det å springe meste væta av hosene, før dei fikk klompan på att. Så kom dei til det kalde skoleloftet der dei måtte stelle seg sjølve som best dei kunne. (Den gang var det skole bare noen få uker i året. Red. anm.)

Lesing var visstnok det som arbeidet gjekk mest ut på, og så kristendomsundervisning. Skriving og rekning var det lite av, unntatt haurekning. Skrivesaker var det lite av: ei skifertavle og ein griffelstomp. Tavla gjekk lett i stykker, og så var det å hjelpe seg med ”brottan”. Når dei kom så langt at dei skulle skrive med penn, var det fjærpenn som dei sjølve måtte sørge for, likeså blekket som var heimelaga og ikkje så rart. Oppskrifter på blekk var det sikkert like mange av som det var familiar og elevar. Rekninga var ikkje som no bygd på 10-tallssystemet, men på 12 og 24. 12 skilling = ½ ort = 40 øre. 24 skilling = 1 ort = 80 øre. 5 ort= 1 dalar = 4 kr. Der var og halvskillingar. 1 ort, eller 1 ort og 3 skilling var vanleg dagbetaling for ein mann.

Riset var plassert i ei veggsprekk over kateteret og blei ofte brukt. Ein lærar Olsen hugsar eg nemnd.

Det blei slutt på å sende barna til Andenes, og eg minnes at det var halde skole i husa på Bleik. Det blei bygd  skole i 1890, og den hadde desse måla: lengd 6 m, breidd 5,7 m, med eit lite tilbygg for torv som kvar huslyd måtte legge til gratis. Nokre år seinare blei det bygd til 4 m i lengd så klasserommet blei bra stort. Det var 3-mannspultar som heldt seg lenge. Skolen blei malt kvit utanpå og blå innan med mørkebrune lister, kledningar og hjørner. Lærarar: Holmsnes – dyktig lærar, flytta til Fiskenes, Vik i kort tid, seinare til Andenes. O. P. Bakken var her i 7 år, stridbar politikar, Martinussen, meget dyktig lærar, man han hadde bare middelskoleeksamen og kunne ikkje halde fram. Så kom P. M. Hovde i 1900. Kring 1912 fekk vi nytt skolebygg. Den ”gamle”  skolen stod i ”Mellagården” og Arnold Jørgensen kjøpte den og laga den om til butikk. Seinare dreiv Olav Helø butikk der. Den nye skolen blei bygd lenger vest, ved Laksebakveien like ovanom Ole Anton Madsen. Der var fælt trongt og ingen leikeplass.

Mor var frå Andenes, fødd 1854. Då ho kom i skolen var I. O. Nilssen lærar, og han hadde (visstnok) seminarutdanning, men av en ”rispreget” metode. Ho fortalde om nokre som skulle ha særutdaning i norsk. Det var sønene til væreigar Jakob Lind. Det var fellesskole så alle aldre var i same rom og undervisninga skifta etter benkeradene. Norskundervisninga var en standard, t. d. subjekt og predikat: ”Skredderen syr Ole en vest”, og ”Ole syr skredderen en vest”. Andre døme fantes ikkje, men det ble terpa grundig inn. (Eg tenkjer Hans Lind lærte noko meire før han skreiv sine ”Nordlandsviser” og like eins lærte sin engelsk.)

Mor kom seinare til å sitje på skolebenken på ”Vonheim” med Johannes Brun, Kristoffer Janson,   Yngvard Bøhn og Friis Hansen, alle teologar og banebrytande lærarar, så ho kunne måle skilnaden, og ho kunne male den og!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Lokalhistorie på nett!