Mat

Ein får inntrykk av at det har vore dyrka meire korn i eldre tid enn i den seinare tid vi har sikre kjelder til. Folk måtte vere meire sjølhjelpne. Innførsla av korn var ikkje alltid å lite på, og vegen var lang. Dessutan var Nord-Norge i lange tider underlagt monopolhandel, og den kunne i mange høve vere så som så. Det var ikkje alltid dei la seg i sælane for å skaffe nok korn. No ligg Andøya på korngrensa, og vertilhøva gjorde om det blei modent korn. Det er sagt at Bleik, Stave og Sandnes var dei sikraste korngårdane på Andøya. Der fikk dei oftast modent korn. Av dei innberetningane vi har var dyrkingsmåten primitiv og avlinga blei ikkje stor. Vanleg rekna dei to til fire foll.

I matrikulen 1723 har vi karakteristikk av kvar gård. Bleik: Ingen skog eller seter eller kvern. Beleilig til fiske. Har middels solgang, er meget tungvunden til foderavl. Sæd: 1 tønne 4 skjepper. Avl 2 tønner 4 skjepper. (en korntønne var 139 liter = 8 skjepper a 17,4 liter.) Ved folketellinga i 1801 er det berre Bleik som har sæd. I alt fem tønner. Det står ikkje kor mykje dei avla. I 1835 er det i Andenes sokn igjen berre Bleik som har sæd – to tønner bygg. Men i dei neste folketellingane (1845 – 75) har Bleik ”intet”.

Til å få kornet tørt hadde dei det i bingar på loftet, der det var høve til det. Elles la dei det på segl og bar det ut til tørk, når veret var til det.

Møller

Det har vore to møller på Bleik. Den eldste var vel i elva litt nedanfor Vassosen. Der har vi Mølnmyra og Mølnhågen. Seinare blei det bygd mølle i Haurelva. For å få nok vatn til den tok dei uttak frå Vassosen, i Grava, og sleppte vatnet gjennom Hauan, der dei seinare tok utløp til det andre lysverket. Den mølla stod til 1850-åra, men då var ho skral. Jfr. Funn hos Søren Jacobsen.

Ofte malte dei kornet på handkvern eller knuste det i malmmorter til kvart mål. Det blei då dårleg rensa, og agnene stod som bust opp av grautfatet.

Til vanleg var det byggkaker dei hadde til mat, oftast steikt på bileggaren. Elles var det og stompbrød dei brukte. Men der var bryet med å få hevinga. Gjær var det ikkje. Dei måtte koke gjæst sjølve. Den kokte dei av humle, mjøl og vatn tilsett litt sukker. Når den var kokt, stod den varmt i ei krukke nokre dagar. Så blei den fylt på flasker. Men den kunne gå på flaskene, så dei måtte bittes godt over. Det var ofte stort ”spell” når dei skulle opne flaskene, for då hende det ofte at korke hamna i taket når ein tok av bindinga og innhaldet fløymde utover. Elles var det brukt mykje surdeig. Då tok deineit stykkje deig og la ned i mjøltønna til neste baking. Då blei brødet surt, og det var ikkje alle som tålte det sure brødet. Det var ei voggevise eller eit barnerim om det:

Kjenne du han Iver bakar / han som klappa kaka / Han fikk ingen salig dø / før han bakte så sure brød.

Det meste brødet dei brukte var flatbrød. Det var bortfarmaten, særleg til dei som for på fiske og låg borte. Om hausten var det storbaking. Dei rekna talet på flatbrødet i ”botnar” vanleg var det 80 leivar i ein botn. Some tider rekna dei ”storbotnar” = 100 leivar. Då gjekk konene rundt og hjelpte kvarandre. Det var alltid to saman. Ei bakte føre – halvferdig, og ei bakte ut leivane. Det siste var det vanskelegaste, og det var somme som var spesialistar på det og blei nytta av alle saman. Det var vanleg at barna – særleg gutane – gjekk rundt og fikk bakarlefse – halvsteikte flatbrød slik at det enno var mjukt.

Frukost og non var det byggkaker steikt på helle eller bileggar, gjerne med eit stykkje tørrfisk og surmelk til. Middagen var helst fisk, some tider suppe på salta eller spekekjøtt. I slaktetida og ved bryllup vanka det nok ferskt kjøtt. Dertil flatbrød i surmelk neller melkesyre. Om syra skriv E. H. Schønnebøl i 1591: syre er den valle, som man gjør suur ost af tykk koe-melk. Denne valle, efter at osten er der af reent optagen, da lader de den udi tønner, og haver den saa at drikke det hele aar igjennem. Naar han haver nu ligget nogen stund udi tynnen saa bliver han suur som snden ædike, saa tager de et lidet deraf, og saa fire ganger saa meget vand, og blander der iblant, og det er den beste drikk.

Dagskost for ein gjetar gutt var to byggkaker om dagen frå 6 – 18. Til kvelds var det oftast kokt fisk. Årsløna for gjetinga var heimeverka vadmel til eit buksety.

Salt var det lite av, og dyrt var det og. Kokvatn til fisk måtte dei hente i sjøen. Dei som budde nærast elva, måtte passe på å sope av det øvste ferskvasslaget, elles fikk ikkje fisken den rette smaken.

Poteten kom heller seint til Andøya. Den første vi får høre om er 1826 eller 1828. Då delte presten ut til Bleik 1 kanne (2 liter). Truleg var det etter pålegg frå det offentlege. Samstundes var det truleg med oppfordring til dyrking og bruk. Presten var jo den offentlige tenestemann som nådde til dei fleste og fikk slike pålegg.

Nødmat

Attende i tida har det nok ofte vore slik at dei måtte ta til nødmat for å berge livet. Verst var det vel i nødsåra 1808 – 1814. Dei måtte nytte alt etande for å berge livet. Dei blanda fisk og fiskebein, enkelte tangsorter, bregnerøtter og bark saman med det vesle korn dei kunne oppdrive. Det er vondt å lese gjennom protokollen for det utdeling av det vesle kornet dei kunne få tak i – til dei mest trengande. 1 skjeppe havre 17,4 liter) er ikkje mykje å greie seg med. Syregras brukte dei mykje tidleg om våren – til suppe og graut. I Bleiksøya blei den først så tidleg utvaksen at den var matnyttig og det var reine utferder etter dem. Til og med frå Andenes kom folk og plukka den.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Lokalhistorie på nett!