Det har blitt eit ordtak at Bleik ligg ”utanfor verda”, og det kunne nok høve før i tida, for fjellet stengde vegen til Andenes dit all ferdsel gjekk. Sjøvegen var der jo, og han var for det meste brukande når ikkje uveret hindra. Men når det ikkje var noko gods som skulle førast, var det å ta føtene fatt. Det var mange åretak å ro utover. Den einaste vegen var over Skaret. Det er ikkje særleg høgt, men øvst oppe er det bratt på begge sider. Somardagen var det ”lett” framkomande om det enn var slitsomt. Men vintertida kunne det vere vanskeleg når snyen hadde lagt seg og det blei skare og glatt. Då kunne det mange gonger vere livsfarleg å ferdast der, for om ein miste fotfestet var det uvisst kor ein hamna. For å bøte på dette tok bleiksfolket og bolta fast kjetting på dei farlegaste plassane så ein hadde noko å halde seg i og ikkje raste utfor.
I Røyklia, frå Steinennan til Okkelbakken, var lia fælt bratt, og nede ved sjøen var det storstein, så det var vanskeleg å ta seg fram der. Så tok folket og laga veg der så det blei lett framkomande.
Så var det elvene som mangla bruer og la hindringar i vegen. Det var tre av dei: Bleikselva, Rambergselva og Merkeselva. Om somrane var det å dra av seg på føtene og vasse over. Verre var det om vintrane når dei ikkje var islagte. Då var det ikkje alltid ein kunne ta seg ”tørrskodd” over. 1898-1900 blei det bygd bruer over desse elvene (Staten).
Vegen til Vassosen blei det mykje bruk for då dei etter utskiftinga tok til å torve i Dalen og andre plassar innover. Over vatnet gjekk det jo godt med båt om somaren og på isen om vinteren. Men vidare heimover var det vanskeleg. Då tok dei til å bygge vegen opp Laksebakken, og elles lappa dei på han så han var framkomande på eit vis.
I skoglia på austsida av Storvatnet var det beste beitet for kyrne. Men på innersida av Storhågen var det vanskeleg for kyrne å ta seg fram gjennom blautmyr og tett kratt, så dei måtte vasse eit langt stykkje ute i vatnet, og dei blei sårspena av det. Då gjekk nokre kvinner nord i gården saman og tok med seg øks og spade og rydda veg så det var framkomande på skikkeleg vis.
Men det var mange som sakna veg inn til Dalen, særleg for transport av torv så dei ikkje var avhengige av vintervegen over isen. Det var mykje snakka om den, men det var jo for stort løft for dei sjølve. Langt om lenge blei då vegen tatt opp på kommunebudsjettet og gjort mykje som nødsarbeid etter første verdskrig. No er vegen ferdig så ein kan kjøre rundt Stave-Skogvoll og over myra til Myre og kome på vegen Andenes-Risøyhamn.
Gårdsvegen har vore halde i nokonlunde bra stand så han har vore framkomande. No er det gjort fiskeværsveg langs sjøbruka.