Bjørnskinn-kjerka.

Dette er den tredje kjerka i Bjørnskinn som ein veit om. Ho blei innvigd i 1885. Før denne stod ei anna kjerke på same tomta, men då ho blei for lita, blei ho riven for å gi plass til denne kjerka. Tidlegare hadde det stått ei korskjerke lenger oppunder fjellet, men ho blei tatt av ei snøskrede (omkring 1720).

Det blei strid om byggeplassen då denne kjerka skulle reisast. Sundværingane ville ha ho på Tranes eller i Risøyhamn, men dei var i mindretall mot folket i Bjørnskinn og på vestersida. Mindretallet klaga til stiftsdireksjonen og bar seg over kor langt det var til kjerka frå Sannes og Furfjord – over 3 mil. Det blei jamvel val på nytt sokneråd, men vedtaket om å bygge i Bjørnskinn blei ikkje omgjort. Denne striden førte til at då det i 1886 blei skipa eit luthersk frikjerkesamfunn i Skjoldehamn, melde ein del i søre kommunen seg ut av statskjerka og gjekk inn i dette frikjerkesamfunnet.

Det er vel sjeldan ein finn ei kjerke som er slik ”vegvisar” som Bjørnskinn-kjerka. Anten du svingar opp ved Bjørnskinn-krysset eller kjem vestafrå og over Nattmålsholen, så står tårnet rett i leia. Ja, vestafrå ser det ut som vegen skulle gå inn gjennom kjerkedøra. 

Både utvendig og innvendig er kjerka nokså vanleg. Våpenhuset er svært lite. Like innafor døra heng ei diger kjerkebøsse. Ho har ikkje vore i bruk på lange tider – før no i det siste. I tårnet heng to klokker: storklokka og litjeklokka. Litjeklokka er frå 1721, altså frå den forrige kjerka. Det same er preikestolen og altertavla, men dei har ikkje vore på plass heile tida. Då den forrige kjerka blei riven først i 1880-åra, blei somt av innbuet seld. Preikestolen gjekk for 5 kroner – og hamna på Stokmarknes. Han blei kjøpt tilbake for 300 kroner. Altertavla blei berga, og då kjerka blei malt og restaurert i 1937, kom begge tinga på plass.

Sakristiet var lite, og for nokre år sidan blei det påbygd så mykje at det blei plass til toalett – både for presten og for barndåpsfolket – først og fremst. Golvløparane blei innkjøpt av Bjørnskinn kommune til kongebesøket i 1959, då dei låg oppetter ferjebrua i Risøyhamn. Etterpå hamna dei altså på kjerkegolvet.

Det nåverande orgelet blei innkjøpt i 1936 – for innsamla midlar. Det hadde før vore i fengselskjerka ved Botsfengslet i Oslo. Det gamle orgelet, eit stort harmonium, blei då kjøpt av stortingsmann Johan Caroliussen og gitt til ungdomslaget. Det nye orgelet er eit pipeorgel. Det har pedalar og eitt spelebord (manual). Det er tungt å spele på, men ”forståsegpåarar” seier det ereit godt orgel.

Den største lysekrona er forært av ein Anders Bull og kona Elen Christine Kaurin. Den minste er frå 1745. Dei store lysestakane på alteret og den på preikestolen er gaver frå kjøpmann O. Lockert og kona (1885). Dåpsmugga er gave frå kjøpmann Th. Benjaminsen (1932), og båten er laga og gitt av Håkon Aronsen (1965).

Sagn om kjerka i Bjørnskinn (etter Bjørgum Øynes)

Den første kirka i Bjørnskinn stod oppe i bakken litt ovenfor der hvor Brynhild Johansen bor. Et snøskred tok kirka og folk ville bygge ei ny. Det blei strid om hvor den skulle ligge. Tranes blei valgt og materialet blei framkjørt dit. Men så ble det et veldig uvær og mye av materialet ble tatt av vinden og ført til Naustnakken. Naustnakken kalles stedet nedenfor der hvor kirka nå står. Folk tok dette som et tregn, og kirka blei bygd i Bjørnskinn.

Ein annan variasjon:

Selv om materialet var samla på Tranes, var det stor uenighet om hvor kirka skulle stå. Det blei bestemt å kaste en planke på sjøen. Der den rak i land skulle kirka bygges. Og planken rak i land på Naustnakken. Så blei kirka bygd i Bjørnskinn.

Anneksreisene.

Om dette skriv prost Colban i 1817: ” Anneksreisene ske til lands og regnes av almuen kun for en mil fra Dverber til Andenes eller Bjørnskinn. Men denne mil er så lang at en rask hest i fullt trav neppe kan tilbakelegge den i 4 timer. Veien er jevn og tør undtagen forår og høst da der fromedelst sne og vand undertiden er ufremkommelig.

Litt av kvart.

18. august 1851 innrømmet herredsstyret Lockert, Skjoldehamn, særskilt stol i Bjørnskinn kirke. (Tru om det var andre som hadde slik?)

I 1859 blei det bygd ny prestestue i Bjørnskinn. Ho kosta 110 spesiedaler. Den gamle blei seld for 10 spd.

Legg igjen en kommentar